25. mars 2025: Jon Fosse fekk den ærefulle Lupa Capitoline frå Roma by
Langt intervju (over ein time). Intervjuet er på italiensk og Jon svarar på engelsk.
KOMMANDE ARRANGEMENT
Storsalen vert pussa opp i vår, men det er framleis råd å kjøpa bøker, t-skjorter, nett og dørmatter.
Ta kontakt med td. Åse Ljones, 95214978, aaseljones@gmail.com
Torsdag 24. april 2025: Utdeling av den første Fosseprisen til Hinrich Schmidt-Henkel. Utdelinga skjer på Det kongelige Slott i Oslo
Onsdag 28. mai til fredag 30. mai 2025: Fossedagane 2025
Basar er kjekt, og premiane er fine. Lodda kostar kr. 10, og du betalar med Vipps.
Skann QR-koden, eller vel nummer 576605. Hovudvinstane er signerte bøker av Jon Fosse og kunstverk av Åse Ljones. Vinnarane vert kontakta.

Veke 22: «Spelejenta» av Jon Fosse
Merethe Gauden kjem med eventyrstund til femteklassingane på alle dei seks barneskulane i Kvam.

Onsdag 28. mai: «Elv på himmelen» i Fossehuset, kl 2000
Konsert med Ingrid Olava og Sandra Kolstad
«Elv på himmelen» består av tolv dikt av Jon Fosse som Sandra Kolstad har tonesett og kledd i elektronisk musikkdrakt. Kolstad komponerte songane til 150-års-jubileumet til Samlaget, og urframføringa gjekk føre seg på hovudscena på Det Norske Teateret i Oslo.
Til konserten i Fossehuset har Kolstad med seg kollega og ven Ingrid Olava. Dei to vev songane saman gjennom møte mellom elektronikk og piano, med stemmene sine som berande element. De bevegar seg høgt og lågt, gjennom lys og mørke, heile tida med Fosse sine tekstar som nav og anker. I tillegg får publikum møta Kyrre Bjørkås, som har laga ein svært vakker scenografi og videokunst til musikken.
Skodespelar Gertrud Jynge, som skal ha program i Fossehuset på festivalen fredagskvelden, vil også bidra på konserten. Dette vert ei stor oppleving!


Billett: kr 300 i døra eller på Ticketco: https://fossehuset.ticketco.events/no/nb/e/elv_paa_himmelen
Torsdag 29. mai: «Fosse på fjorden» med Anderz Eide på litteraturbåten «Epos» kl. 1530 til seinast kl. 1800. Open kafe i Fossehuset etterpå.
Publikum vert tekne med på ein båttur på Hardangerfjorden om bord på litteraturbåten «Epos». Turen startar og endar opp i heimbygda til Jon Fosse i Strandebarm. Om bord ventar skodespelar Anderz Eide, som har lang røynsle med å lesa opp Fosse-tekstar. Han har mellom anna trekt fulle hus med opplesing av romanen «Morgon og kveld», eit program som varer fleire timar.
Denne maidagen vil Eide lesa utdrag frå ulike Fosse-tekstar, både kortprosa og romanar. Mellom leseøktene vert det høve til å kjøpa seg mat og drikke om bord. Viss vêret er dårleg, vert arrangementet gjennomført medan båten ligg til kai.


Billett: kr 400 ombord eller på ticketco:
https://fossehuset.ticketco.events/no/nb/e/fosse_paa_fjorden
Torsdag 29. mai: «Høyr vår bølgje slå» Kulturkveld i Fossehuset kl 1900
Liv Marit Aksnes framfører Fosse-tekstar knytte til båten, naustet, sjøen og fjella, og ho får tonefølgje av gitarist Steinar Karlsen, som framfører musikkstykke i ulike sjangrar som skaper dialog mellom tekst og tonar.
Liv Marit Aksnes frå Kvam har arbeidt med litteratur, drama og teatervitskap på Høgskulen på Vestlandet i mange år. I tillegg til jobben sin som førsteamanuensis har ho skrive lærebøker og artiklar og hatt innlegg på nasjonale og internasjonale konferansar. Spesialfeltet hennar innan forsking og undervisning har vore retorikk og tolkande framføring av poesi. Aksnes er sjølv ein høgt skatta opplesar, og ho konsentrerer seg ofte om tekstane til Olav H. Hauge og Jon Fosse. Ho har hatt mange framføringar saman med komponisten Jostein Stalheim og jazzmusikarane Ole Amund Gjersvik, Stein Bakke og Anne Kristine Wallace Turøy.
Gitarist Steinar Karlsen skriv og framfører stemningsfull instrumentalmusikk. Karlsen er ein mangfaldig og ettertrakta musikar. Han har medverka på fleire titals innspelingar med andre artistar og er særleg kjend for sitt gnistrande gitarspel med bluesbandet Good Time Charlie.
Steinar Karlsen (45) bur i Kvam i Hardanger og kjem opphaveleg frå Kinn kommune i Sunnfjord.


Billett: kr 250 i døra eller på ticketco:
https://fossehuset.ticketco.events/no/nb/e/fosse_i_naustet
Fredag 30. mai: «Det lysande mørkret – tru og truspraksis i Septologien» Foredrag ved prest Roar Strømme kl 18 i Fossehuset. Musikalsk innslag og allsong
Foredrag ved prest Roar Strømme, som har brukt mykje tid på å studera tekstuniverset til Jon Fosse og er spesielt interessert i den religiøse tematikken som har vorte stadig klarare i bøkene hans. Denne er særleg tydeleg i Septologien med sine mange bøner, teologiske refleksjonar og katolske livstolking. Strømme ønskjer å gjera dette lettare tilgjengeleg for oss og slik opna for ei rikare leseoppleving.
I tillegg vil det bli musikalske innslag og allsong. Arrangementet vert skipa til i samarbeid med Kyrkja i Kvam.

Billett: kr 200 i døra eller på ticketco:
https://fossehuset.ticketco.events/no/nb/e/det_lysande_moerkret
Fredag 30. mai: «Usynlege hender» Skodespelar Gjertrud Jynge framfører Fosse-tekstar i ulike sjangrar i Fossehuset kl 20
Skodespelar Gjertrud Jynge frå Det Norske Teatret i Oslo vil framføra ulike Fosse-tekstar, mellom anna utdrag frå romanverket Trilogien, ulike skodespel og dikt.
Gjertrud Jynge kjem opphaveleg frå Tromsø. Ho har gått på Statens Teaterhøgskule og vore tilsett ved Det Norske Teatret i Oslo i over 20 år. Jynge har hatt berande roller i mange teaterframsyningar, mellom anna hovudrolla i Anna Karenina og Fedra. I 2015 skreiv ho manus og sette opp soloframsyninga Frå landevegen, basert på si eiga familiehistorie.
Jynge har fått Heddaprisen for «Beste kvinnelege birolle» og «Beste kvinnelege hovudrolle» for rolla som Ales i Trilogienav Jon Fosse. Gjertrud Jynge har også hatt mange roller i filmar og TV-seriar, mellom anna NRK-serien Halvbroren.
No i vår er ho aktuell på Det Norske Teateret med Jente,1983, basert på romanen med same namn av Linn Ullmann.

Billett: kr 300 i døra eller på Ticketco:
https://fossehuset.ticketco.events/no/nb/e/usynlege_hender
Fredag 26. sept. til sundag 28. sept. 2025: Dialektfestivalen 2025
Torsdag 7. nov. 2024: «Å gjera draum til liv». Ei forestilling om lyrikaren Olav H. Hauge med Knut Hamre og Nils Erik Kvamme. kr 250, kl. 1900
Billettar på Ticketco eller i døra.

Måndag 28. okt. 2024: Fosse om teater. Marit Berge tek for seg nokre essay Jon har skrive. kr. 100 (inkl. kaffi med noko). Kl 19

Fosse-lesing i oktober:
Måndag 21. okt. 2024: Jan H. Landro. «Spetologien – den store oppsummeringa av eit stort forfattarskap. kr. 200 (inkl. kaffi med anna). NB! klokka 17.

Måndag 14. okt. 2024: Fosselesing (dikt). kl. 1900. Meld inn ditt favoritt dikt til Randi Jåstad. E-post: randijaa@gmail.com kr. 100 (inkl. kaffi og litt til)

Fredag 4. okt. 2024: Privat omvisning om kvelden
Torsdag 3. okt. 2024: Tinga omvisning midt på dagen
Sundag 29. sept. 2024: Lillomarka, Oslo
Hardinglaget og Hordalaget i Oslo m.fl. inviterer til feiring av Nobelprisen til sambygdingen Jon Fosse i Lillomarka søndag 29. sept- på 65-års dagen til forfattaren.
Langs blåmerka løype frå Solemskogen/Evensetermyra og nordover til Hordahytta er det laga ein «litteratur-sti» skilta med utdrag frå Hundemanuskripta av Jon Fosse. Skilta er utforma som hundar teikna av born frå Møllergata skole pålimt tekst frå fortellinga «Du og du» i Hundemanuskripta.
Litteraturstien blir opna av statssekretær Even A. Hagen i Kulturdepartementet kl.12.00
Ved Hordahytta blir det kl. 14.00 eit kulturarrangement der ungdommar frå Den mangfaldige scenen og skodespelar Gjertrud Jynge framfører tekstar av Jon Fosse til musikalsk følgje av Andreas Ljones på hardingfele.Skilta vil etter bruk i Oslo-marka, vil bli overført til Fosse-stiftinga som event. vil lage ei tilsvarande «hundeløype» i Strandebarm.
27. til 29. sept 2024: Dialektfestival i Strandebarm
Sundag 29. sept. 2024: Festivalgudsteneste i Strandebarm kyrkje, kl 11
29. sept. 2024: Breievne gard, kulturminneløype, mat og drikke, kl 13, kr 100 (born gratis)
29. sept. 2024: Eventyr i skogen for born, Strandebarm Marina, kl 13, gratis
29. sept. 2024: Cecilie Seiness held foredrag i Fossehuset, kl. 17, kr 200
(Jon Fosse har fødselsdag og me har diger kake)
28. sept. 2024: Ungdomslaget slår til med dans og swing.
Billett: https://haugatun.ticketco.events/no/nb/m/e/dans_i_haugatun
28. sept. 2024: Kulturelle godbitar og basartrekning, Haugatun, kl 20, kr 200
Oddny Miljeteig kåserer, Jimmy Næs syng og fortel om Ingvar Moe


28. sept. 2024: Kva tyder stadnamna våre?, Peder Gammeltoft, Fossehuset, kl. 17:30, kr 150

28. sept. 2024: Forunderlege amerikabrev, Birgit Jaastad og Arne Gjerstad, Fossehuset, kl. 16, kr 150


28. sept. 2024: Snakker jeg pent nok?, Johan Storm Munch, Fossehuset, kl. 14, kr 150

Laurdag 28. sept. 2024: Dagsbillett kr. 500
28. sept. 2024: Skjellsord og andre ukvemsord, Tor Erik Jenstad, Fossehuset, kl. 13, kr 150

27. sept. 2024: Gunnstein Akselberg og etterpå gamaldans i ungdomshuset (Haugatun), Kvam trekkspelklubb, kl 19, kr 150

Fredag 27. sept. 2024: Biskop Ragnhild Jepsen held foredraget:
«Nær hjartet – i hjartet. Om språk, dialekt og tru»
og opnar festivalen – Fossehuset, kl 17, musikk og allsong, kr. 20

fredag 20. sept 2024: To gode naboar. Kongen og Jon Fosse
torsdag 19. sept 2024: Filmopptak, fransk dokumentar om Jon Fosse
fredag 20. sept 2024: Filmopptak, fransk dokumentar om Jon Fosse
fredag 20. sept 2024: Privat omvisning, ettermiddag
Tysdag 10. sept 2024: Arbeidsmøte om dialektfestivalen, kl. 19
Laurdag 31. aug 2024: «Ope møte om Jon Fosse-senter», kl. 11 – ca. 14
Innlegg ved
Torgeir Næss, ordførar Kvam herad, Per Morten Ekerhovd, direktør avdeling for kultur og folkehelse, Vestland fylkeskommune, Åse Ljones, styreleiar Fosse-stiftinga, Knut Markhus, leiar for forprosjektet for Jon Fosse-senter, Hege Stensrud Høsøien, avdelingsdirektør fag og forsking, Nasjonalbiblioteket, Olav Øyehaug Opsvik, direktør Nynorsk kultursentrum, Åsmund Kristiansen, direktør Hardanger og Voss museum
Høve til innspel og spørsmål frå salen.
Fredag 30. aug 2024: «Nobelt møte», Sigrid Undset og Jon Fosse møter kvarandre.

Forestilling tonesett av Arnhild Vik. Med Eline Holbø Wendelbo (dramaturgi og vokal), Brage Botn Seim (cello), Sigurd Tingstad (musette-trekkspel) og Arnhild Vik (piano).
Dikta er henta frå diktsamlinga «Ungdom» av Undset og «Songar» og «Stein til stein» av Fosse. Kaffi og diverse. Kl. 1900. Billett: kr. 300 (kontant, kort eller Vipps i døra) eller ticketco
Måndag 26. aug 2024: Arbeidsmøte om dialektfestivalen, kl. 19
Fredag 23. aug. 2024: Møte Tordal/Solberg hjorteval – i småsalen, kl. 1700
Måndag 12. aug 2024: Arbeidsmøte om dialektfestivalen, kl. 20
Tysdag 13. aug 2024: Omvisning – ei busslast, kl. 14
Onsdag 14. aug 2024: Omvisning – Høgskulen i Bergen, kl. 11
Fredag 21. juni 2024: Omvisning (privat)
Torsdag 20. juni 2024: Jon Fosse får Storkross av St. Olavs Orden (dette skjer i lokala til Samlaget). – Den Kongelege Norske St. Olavs Orden blir tildelt som «påskjønning for utmerkte fortenester for Noreg og menneskeslekta», skriv Kongehuset på nettsidene deira.
Onsdag 19. juni 2024: Besøk av 60 internasjonale universitetsfolk
Tysdag 18. juni 2024: Oppsummeringsmøte etter Fossedagane 2024, kl. 1900
Laurdag 15. juni 2024: Omvisning (privat)
Torsdag 6. juni 2024: Omvisningar (privat)
Laurdag 25. mai 2024: Vert du den nye skodespelaren frå Standebarm?
Møt opp i Fossehuset mellom kl. 1200 til 1900. Open casting.

Fredag 24. mai 2024: Konsert med Stig Ulv. Me nyt herleg gitarmusikk. kl. 1900. kr 200

Laurdag 11. mai 2024: Huset er oppteke pga klargjering til privat arrangement.
Sundag 12. mai 2024: Heile huset er utleigd. Privat arrangement.
Fredag 10. mai 2024: «Kjærleiken er» Klaus Vatne (song og gitar) og Viggo Krüger (gitar), kl. 2100, kr. 200


Fredag 10. mai 2024: Religiøs undring og tru i tekstar av Fosse.
Innleiingar av Christine Hamm (prof.) og Rolv Nøtvik Jakobsen (dr. theol)
Samtalen etterpå vert leia av Rolf Strømme (prest)
Olav Skeie Lid (songar og dirigent) og Sevinj Asgarova Øvrehus (organist)
syng og spelar og leiar allsongen.
Samarbeid med Den norsk kyrkja, kl 1800, kr. 250


Torsdag 9. mai 2024: Fosse-dur. Festframsyning med Gabriel Fliflet, Annlaug Børsheim,
Jørgen Sandvik og Kristoffer Chelsom Vogt, kl. 2000, Fosse-huset. Billett: kr 300
Onsdag 8. mai 2024: Omvisning for fylke, herad og byggenemnd.
Tysdag 30. april 2024: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 19
Torsdag 18. april 2024: Gullringen, foredrag av professor i mellomalderarkeologi
Gitte Hansen. Ho fortel om dette unike funnet gjort av Lars Haukås. kl. 1805
Gullringen frå Fosse, ei ny arkeologisk kjelde til livet på Fosse i mellomalderen?

Laurdag 6. april 2024: Boklansering av Einar Bardal. Dette er hans fjerde roman og ein del
av handlinga føregår på Berge og Fosse. “Den gamle mannen og livet”. kl 1500.
Opptak frå boktreffet: https://youtu.be/dfRiQ4gfJhE
Onsdag 3. april 2024: Huset er utleigd til Kvam herad. Ope møte – naustseminar. Kl. 1800
Tysdag 26. mars 2024: Dialektfestivalen. Arbeidsmøte om språket i amerikabrev.
Måndag 25. mars 2024: Årsmøte Fosse Markalag, Småsalen. kl 1800 (privat)
Onsdag 13. mars 2024: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 19
Torsdag 7. mars 2024: Småtassar (med følgje) på besøk. kl. 1300 (privat)
Måndag 4. mars 2024: Kåseri/foredrag av Marit Berge – Dei døde, kl. 19,
Dei døde av James Joyce er omsett av Jon Fosse

Måndag 26. februar 2024: Fosse-lesing – Namnet. For alle, kl. 19
Måndag 19. februar 2024: Fosse-lesing – Naustet. For alle, kl. 19
Måndag 19. februar 2024: Styremøte og Årsmøte i Fosse-stiftinga, kl 16
Måndag 12. februar 2024: Fosse-lesing – Dikt, nye og gamle. For alle, kl. 19
Måndag 12. februar 2024: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 1730
Me er komne til bokstaven M.
Måndag 5. februar 2024: Fosse-lesing – Prosa frå ein oppvekst. For alle, kl. 19
Sundag 4. feb. 2024): Ingvild Bryn med mykje nytt i nye former,
kl. 17, kr. 200.

Januar 2024: Sliping av golv er i gong og etterpå vert det montering av Fosse-utstilling
2023 2023 2023 2023 2023 2023
Sundag 10. desember 2023: Ope frå kl 09 til kl 18
kl. 0930 – NRK kjem, kom du og. Banneret kjem til å koma opp.
kl. 1545 Nobelpris-sermonien i Stockholm. Overføring på storskjerm
Nobelbanketten 2023 – takketalen til Jon Fosse
Laurdag 9. desember 2023: Ope frå kl 14 til 24
Opplesinga held fram – storskjerm Kaffi og kaker.
Fredag 8. desember 2023: Ope frå kl 19 til 24
Overføring av 40 timar med opplesing av Fosse-drama, kl. 2005 og utover. På storskjerm
Torsdag 7. desember 2023: kl. 1530 – Komlemiddag for inviterte
kl. 1700 – Jon Fosse held nobelforedraget i Stockholm – vist på storskjerm
kl. 1800 – Grannehjelpa sender frå Fossehuset – reaksjonar på talen til Jon og vidare planar:
kl. 1900 – Svensk TV viser Nobelportrettet av Jon Fosse (30 min) – storskjerm
Måndag 4. desember 2023: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 19
Laurdag 30. sept. til torsdag 30. november 2023 – atterskin
Utstilling av Åse Ljones – tekstil, bilete

Samtale mellom Åse Ljones og Hildegun Riise
Bileta til Åse Ljones – Jon Fosse
Laurdag 25. nov: Siste dag med Åse på utstillinga, kl. 14 – 17. Kaffi og kaker. Juletonar
Måndag 30. oktober 2023: Møte i Fosse-stiftinga, kl. 1600
Torsdag 26. oktober 2023: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 19
Onsdag 18. oktober 2023: Møte i Fosse-stiftinga, kl. 1600
Tysdag 17. oktober 2023: Møte i Fosse-stiftinga, kl. 1830
Måndag 16. oktober 2023: Møte i Fosse-stiftinga, kl. 1600
Laurdag 14. oktober: Vind og sol. Tekstar av Jon Fosse, kl. 1900, kr 300
Sinikka Langeland sang og kantele, Mathias Eick trompet, Tore Brunborg saksofon, Mats Eilertsen bass
Markering av nobelprisvinnaren i starten av konserten og nobelkake etter konserten.

Les meir. Her er eit skikkeleg bra intervju Og her eit lite glimt frå Kveldsnytt
Torsdag 5. okt: Jon Fosse får nobelprisen i litteratur for 2023
Laurdag 30. sept: Utstillingsopning, Åse Ljones – tekstil, bilete, Hildegun Riise – tekst, Per Jørgensen – trompet. Forfriskningar.

Fredag 22. sept: Besøk av Tytebæret, orienterting om Fosse-stiftinga og litt til, kl. 1800
Fredag 15. sept til sundag 17. sept 2023: Dialektfestivalen i Strandebarm.

Onsdag 13. sept: Arbeidsmøte om dialektfestivalen, kl. 1900
Laurdag 2. sept til sundag 3. sept: Utleige av bord, stolar og kjøkken
Onsdag 30. august 2023: Møte Tordal/Solberg hjorteval – i småsalen, kl. 1800
Torsdag 24. august 2023: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 1900
Tysdag 22. august 2023: Politiske debattmøte: Kultur og næring. kl. 1900. Ope for alle.

Fredag 16. juni 2023: «Drøymt i stein» inneheld essay, kortprosa og dikt av Jon Fosse, framført av skodespelar Eline Holbø Wendelbo og med nyskrive musikk av komponist Gisle Kverndokk framført av kontrabassist Dan Styffe frå Oslo Filharmonien, kl. 1800, kr. 300.

Torsdag 8. juni 2023: Fra istid til NÅ. Tekstar av Hans Børli med Anne Marit Jacobsen & Sinikka Langeland, kl. 1900, kr 300

Måndag 5. juni 2023: Skriveakademient i Bergen på besøk, Fosseloftet og Fossehuset,
kl. 1100
Torsdag 1. juni 2023: Jon Fosse – symposium i Bergen. Program På Facebook

Tysdag 25. april 2023: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 1930
Laurdag 22. april 2023: «.. og i spelet kunne sorga letna og bli til eit flog..»
Knut Hamre og Ola E. Bø, kl 1700, kr. 270


Måndag 17. april 2023: Haugesenteret i Ulvik på besøk, Fosseloftet og Fossehuset, kl. 1130
Måndag 3. april 2023: Årsmøte Fosse Markalag, kl 1800 (privat)
Laurdag 1. april 2023: Kvitanesen i fri utfolding, kl. 1700, kr.250 (kr. 200 – mållaget)

Tysdag 29. mars 2023: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 1900
Laurdag 25. mars 2023: Formødres skaperglede, mitt skattkammer. Design og inspirasjon, Solveig Hisdal, kl 1700

Onsdag 22. mars 2023: Poesikonsert UNDER STJERNONE, kl 1900,
Hildegun Riise, Per Jørgensen, Eivind Aarset, Edvard Askeland, Terje Isungset

Tysdag 14. mars 2023: Avslutningsfest/blåtur med orientering om Fosse-stiftinga, kl. 1600
Måndag 20. feb. 2023: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 1915 (privat)
Måndag 13. feb. 2023: Møte i Fosse-stiftinga, kl. 1600 (privat)
Måndag 16. jan. 2023: Arbeidsmøte om Gamle ord og uttrykk frå Strandebarm, kl 1900 (privat)
Tysdag 10. jan. 2023: Møte i Strandebarm Lions, med orientering av Fosse-stiftinga i starten, kl. 1900 (privat)
2022 2022 2022 2022 2022 2022
Pensjonistlaget til Utdanningsforbundet får orientering om arbeidet til Fosse-stiftinga,
kl. 1200, (privat), 15. des. 2022

Førebuande møte om Gamle ord og uttrykk frå Kvam (Strandebarm), 21. nov. 2022, kl 1800
Boklansering av Jan Landro (forfattar) «Jon Fosse. Enkelt og djupt. Om romanane og forteljingane hans.», 19. nov. 2022:, kl 1500

Utleige til Fårikålens venner. Kvar haust det same. Privat arrangement. 29 okt. 2022
To heimkomne. Forfattarsamtale mellom Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven. Samtaleleiar Kjersti Mjør. Annbjørg Børsheim (fele), 28 okt. 2022, kl 1800

Alltid annleis: Eline Holbø Wendelbo (vokal) med Arnhild Vik (piano) og Brage Botn Seim (cello), 22 oktober 2022, kl 1800

Hardingfela i litteraturen. Frå Kinck til Fosse – eit program i ord og tonar ved Knut Hamre og Arne-Ivar Kjerland, 16 oktober 2022, kl 1700

Velsigna er dagen: Berit Opheim og Sigbjørn Apeland, 9 oktober 2022, kl 1700

«Roser og liljer. Frå Hallingdal til Hardanger»: Nils Georg Brekke, 2. okt. 2022, kl 19:00

Hundemanuskripta, skuleforestilling, 29. sept. 2022, kl 12:00

«Det norske språket – ei språkreise ved hjelp av nyord»
foredrag av Sylfest Lomheim, 27. sept. 2022, kl 19:30

Kulturminnedag i Kvam, vandring frå kyrkje til bedehus og vidare til ungdomshus. 25. sept. 2022, kl 14.00 – ei kulturhistorisk reise i frå bedehus til «Fossehuset», ved Margun Mikkelsen Tordal

«Songen gjennom alle tider» – 23 sept. 2022, kl 19:00
Gunstein Draugedalen (song) ,Torgeir Kinne Solsvik (piano) og Strandebarm songlag.

Besøk av utalandske omsetjarar av Jon Fosse – 25 aug. 202, kl. 11.30 til 14.00
Det kom omsetjarar og journalistar frå USA, Tyskland, England, Egypt, Spania, Danmark, Frankrike og Noreg

Møte Tordal/Solberg hjorteval – 19 aug. 2022, kl. 1900
Eining for samfunn, næring og kultur – 22. juni 2022, kl. 1100

Strandebarm skule – 17. juni 2022
Fosse for dumskallar – Linda Eide og Sjur Hjeltnes – 24. mai 2022, kl. 1900

Tabula Rasa/Bedehuslab – 12. mai 2022, kl. 19

Ro mitt hav – 8. mai 2022 – kl. 1700 og kl. 1900

Vestlands melankoli – 6. mai 2022, kl. 1900

Støttekonsert for Ukraina – 13. april 2022, kl. 1900
Henrik Nordtun Gjertsen, Ingrid Sørheim og Arnhild Litleré
Smakebit – ein polka av Anders Bonde

Årsmøte Fosse Markalag – 11. april 2022, kl 1900 – 2100
Årsmøte Kvam Folkeakademiet – 14. mars 2022
The Nordic Fiddlers Bloc – 3. mars 2022, kl. 20.00,

2021 2021 2021 2021 2021 2021
Julemarknad – Kincktunet – 27. nov 2021
Septologien – samtale – 2021

Blått svev – 13.nov 2021, kl 1700
